Visjonen til Blåtinden Barnehage

Vi har utarbeida ein illustrasjon av visjonen vår. Her ser ein kvar vi er og kvar vi ønsker å kome. Vi jobbar med å ha ein aktiv, sunn og lukkelig barndom.


Vi har eiga kjøkkenhjelp på huset, som lagar heimelaga brød til barna og lagar balanserte måltid .
Vi har laga oss ein kjøkkenhage med forskjellige grønnsaker og frukter. Her får barna hjelpe til med å så, stelle og hauste inn.

Barnehagen har også høner, hane og 2 kaniner. Studiar viser at det å vere saman med dyr, gir barna både god helse og læring.

Barnehagen ligg i fantastiske omgivnadar som gir mange moglegheiter for turar både i fjell, fjøre og skog. Barna har fleire turdagar i veka.