Praktisk info 2023/2024

Praktiske opplysningar barnehageåret 2023/2024

 

Planleggingsdagar

Barnehagen skal ha 5 planleggingsdagar gjennom barnehageåret. Desse er satt til:

-17.08.2023 

-09.10.2023 

-15.01.2024

-15.03.2024 

-10.05.2024 

 

PBL-A: Blåtinden barnehage er medlem i PBL-A, som er ein arbeidsgivar- og interesseorganisasjon for private barnehagar. PBL sin formålsparagraf:

«PBL skal bidra til å auke kvaliteten og verdiskapningen i barnehagene, til beste for barn, foreldre/foresatte, ansatte, eigarar og samfunnet forøvrig.»

Vi er knytt til PBL HMS, PBL rekneskap og PBL bedriftshelseteneste.

Teieplikt: Alt personale i barnehagen, medlemmar av styret, reinhaldar, vikarar og eventuelle studentar har teieplikt om forhold som dei får kjennskap til gjennom arbeidet sitt i barnehagen

Betaling: Foreldrebetaling er forskotsvis og forfell den 1. kvar månad. Betalinga er 11 månader i året (juli er betalingsfri),og matpengar kjem i tillegg

Størrelse på plass

Pris

Mat

100 %

3000

500

80 %

2700

400

 

Bleieavtale: Dette inneber at barnehagen har eigne bleier til barna. Foreldre med barn som brukar bleier, er etter barnehagen sine vedtekter forplikta til å teikne bleieavtale:

Plass

Kostnad pr. månad

 

100 % 

Kr. 100,-

 

80 %

Kr. 80,-

 

Oppseiing av bleieavtalen sendast via mail til styrar. Det er føresette sitt ansvar å seie opp avtalen når barnet sluttar med bleie.

 

Oppseiing: Jamfør barnehagen sine vedtekter er det tre månadar oppseiingstid som gjeld, dersom ein ønsker å seie opp eller redusere plassen.

 

Bursdag: Denne dagen er barnet i fokus! Vi heng ut flagg, barnet får eiga bursdagskrone og vi syng bursdagssongVi serverar bursdagsmat, der barna får bestemme mellom 4 sunne alternativ; fruktspyd, fruktsalat, smoothie eller smoothie- is. Dersom ein skal ha bursdagsselskap er det ok å henge opp invitasjon i barnehagen dersom alle i gruppa er invitert.

 

Sjukdom: Barn som har smittsame sjukdomar må vere heime (vannkoppar, brennkoppar, streptokokkar, omgangssykje etc.) og vi ønskjer å få tilbakemelding om dette så snart som mogleg. Barnet skal ha ein feberfri dag heime før dei kjem i barnehagen.

Barn som har diare el. omgangssjuke må vere heime 48 t etter symptomfri. Dette er retningslinjer som vil føre til mindre sjukdom blant barnehagebarna og dei tilsette.  

 

Opningstid: Barnehagen opnar kl.06.45 og stenger kl.17.00. Jamfør barnehagen sine vedtekter bør barna bli henta innan kl. 16.45, då personalet treng dei siste 15 minutta til å rydde/avslutte dagen.

 

Oppmøte: Vi startar aktivitetane kl.9.30, og ønskjer at borna er komne til då. Har barnet ditt fri og er heime, legg det inn på Kidplan (evt. ring oss eller send ei melding til avdelinga)

 

Leiker: Barna skal ikkje ta med private leiker i barnehagen. 

 

Kle: 

Dette må barna ha i barnehagen: (Husk å merke alle eigendelar med namn!)

-        To ekstra sett med kle: Undertøy, stillongs, bukse, genser, t-skjorte, lestar..

-        Sandalar/innesko (til å ha på gym)

-        Hue

-        Regnkle

-        Parkdress/vinterdress

-        Støvlar

-        Vintersko

-        Buff/hals

-        Til kalde dagar: ulltrøye, ull stillongs, lestar i ull, flis/ullgenser, flis/ullbukse, vottar..

-        Barn som søv på dagtid må ha med vogn, samt vognpose som er tilpassa årstida.

 

Mat: Alle måltid blir servert i barnehagen, og vi har fokus på eit sunt og variert kosthald. Vi har tilbod om balanserte måltid 5 dagar i veka, samt heimelaga grovbrød. Målet er at all mat skal være laga frå botnen av, og av gode råvarer.

 

Kommunikasjon: Vi nyttar e-post og Kidplan som kommunikasjonskanal til dykk foreldre. Her sender vi ut beskjedar, bilder og informasjon. Foreldra kan også sende beskjedar til barnehagen på e-post og Kidplan. 

 

Heimeside: Barnehagen har eiga heimeside: blaatinden.barnehage.no. På passordbeskytta foreldreside vil dei ulike gruppene legge ut bilde, tekst og annan dokumentasjon og informasjon.  


Forsikringar: Barnehagen har gjennom PBL barneulykkeforsikring på heiltid som omfattar alle barn som har barnehageplass. Forsikringa gjeld heile døgnet og har følgjande forsikringssummar:

Invaliditet 500 000 kr

Død 100 000 kr

Behandlingsutgifter maks 50 000 kr

Eigenandel 500 kr

 

Foto: Barnehagen følgjer Ulstein kommune sine anbefalte retningslinjer for fotografering, og foreldra har ikkje løyve til å ta bilete i barnehagen. 

 

Parkeringsplass: Motoren på bilen skal vere avslått medan barna vert levert og henta. Bilane skal rygge inn når ein parkerar. Grasplenen ved parkeringsplassen er ikkje til å køyre på.  Husk å lukk porten! 

Dette er faktorar som vil være med på å heve barna si sikkerheit i hente – og bringesituasjon.

 

Barn med allergi: Vi opplever stadig fleire barn med matallergiar, og ønskjer sjølvsagt tilrettelegge best mogleg for dette i barnehagen. 

NB! Dersom barnet treng tilrettelegging, har det blitt bestemt i barnehagen sitt styre at føresette skal vise til legeerklæring/sitat frå lege/helsepersonell. 

 

Styret: Barnehagen er organisert som eit andelslag og laget sitt øvste organ er årsmøtet. Andelslaget vel representantar til sitt styre ved årsmøtet som kvart år avviklast innan utgangen av mai. Styret er samansett av 6 medlemmar, der inntil to av styremedlemmane er valt av og mellom dei tilsette. 

Samansetting av styre:
Styreleiar: Knut-Øyvind Myklebust  post@knutmyklebust.no
Styremedlem: Bård Emil Ødegård bard.odegard@gmail.com 
Styremedlem: Lene Pedersen Knotten lene93_pedersen@hotmail.com 
Styremedlem: Lene Moldskred Nygjerde, lene_moldskred@tussa.com Personalrepresentant
Styremedlem: Marte Skog Endresen marte@blatinden.no  Personalrepresentant

Varamedlem: 
Renate Lillebø r-lilleb@online.no Personalrepresentant 

Fie Nilsson  nilsson.fie@gmail.com

 

Styrar har møte-, tale- og forslagsrett i styret:
Lovise Warholm Skeide (Mammapermisjon)

Hilde Valland  post@blatinden.no

Iren Cecilie Muren iren@blatinden.no

 

Samarbeidsutvalet: Er eit rådgivande, kontaktskapande og samordnande organ. Utvalet består av foreldre/føresette og tilsette i barnehagen, slik at kvar gruppe er likt representert. Foreldreråd består av alle foreldra i barnehagen, og det er her representantane til samarbeidsutvalet blir valt. For å få kontinuitet ynskjer vi at dei valte representantane sit i 2 år. Foreldrerådet vel 2 representantar til å sitte i samarbeidsutvalet.

Personale:
Karen Johanssen karen.mj87@gmail.com 
Siv Iren Sjåstad sivsjastad@yahoo.no

Foreldre:
Olivia Nesset Drage olli_rn@hotmail.com
Dag Helge Bjørkedal dag.helge@bjoerkedal.no

 

Strategigruppe: For å kunne jobbe målretta og konstruktivt med barnehagen sin strategiplan, er det satt saman ei eiga arbeidsgruppe. Medlemmane er knytt til dei ulike avdelingane, og jobbar aktivt for at vi skal nå dei måla som vi har satt oss.

 

Samansetting av strategigruppe:
Lene I. Moldskred Nygjerde
Renate Lillebø

Cecilie Bjåstad

Iren Cecilie Muren - Overordna ansvar 

 

Foreldremøte: Vi ynskjer å få til 2 foreldremøte i løpet av barnehageåret. Foreldremøtet på hausten blir eit tradisjonelt møte med informasjon frå personalet og der nye og ”gamle” foreldre møtast. På våren håper vi å få inn ein foredragshaldar som kan snakke om aktuelle tema. Kom gjerne med innspel på tema du tenker kan være aktuelt.

 

Foreldresamtaler: Foreldre vil få tilbod om minimum 2 foreldresamtaler pr. år. Dette er individuelle samtaler der foreldre og ein pedagog utvekslar informasjon om barnet. Vi reknar 20- 30 min. pr. samtale.

 

Overgang frå barnehage til skule: Før skulestart har barnehagen ein overgangssamtale med skulen der målet er å gi barnet ein god skulestart. Etter løyve frå foreldra blir informasjon om kvart enkelt barn overført til skulen.

 

Tverrfagleg møte: 1 gang pr. halvår blir det gjennomført tverrfaglege møter i barnehagen. Teamet er samansett av fagpersonar frå barnehagen, Helsestasjon, PPT og barnevern. 

 

Vidaregåande/ Høgskule: Barnehagen tek i mot elevar frå vidaregåande skular i praksis. Vi tek inn lærlingar som går barne- og ungdomsarbeidarfaget.  Barnehagen har også studentar i praksis som går barnehagelærar ved Høgskulen i Volda. 

 

Samarbeid med andre instansar: Dersom eit barn har utfordringar der vi ikkje har rett eller nok kompetanse i barnehagen, vil vi med løyve frå føresette søkje hjelp hjå PPT (Pedagogisk Psykologisk Teneste), logoped, barnevern eller BUP (barne og ungdomspsykiatri). Barnehagen samarbeider også med helsestasjon.  Alle tilsette i barnehagen har opplysningsplikt til barnevernet. 

 

Kontaktinformasjon:

Styrar: post@blatinden.no Tlf. kontor 457 21 794  

Heimeside: Blåtinden Barnehage 

Facebook: Blåtinden barnehage

 

Fuglereiret: fuglereiret@blatinden.no 

Tlf: 940 13 351 - Spurvane

Tlf:989 05 141 - Ørnene

Karoline (pedagogisk leiar): karoline@blatinden.no

 

Bærtua: baertua@blatinden.no 

Tlf: 952 57 278

Marte (pedagogisk leiar): marte@blatinden.no