Bærtua

Bærtua er for barn mellom 1 og 3 år. Vi legg vekt på gode og trygge rutinar der ein god kombinasjon av leik og avslapping er viktig. Her skal det alltid ver eit fang å krype opp i. Personalet skal jobbe for å gi barna tryggleik, omsorg, vennskap og felles gode oppleving kvardag.

Vi vaksne skal alltid vere der for barna med eit fang som ein kan sitte
på, gi kos og lytte til barna sine behov og ønsker. Barna har ulike behov for kos, leik, rolige stunder og aktivitetar.

          

Barna skal også få moglegheit til å vere ute i all slags ver kvar
dag, og dei vaksne skal vere nysgjerrige saman med barna på tur eller på
uteområdet i barnehagen.

                

Vi ser kvart enkelt barn kvar dag, vi lyttar til kva barnet har å seie verbalt og med kroppsspråket. God språkstimulering er viktig for oss i barnehagen, der vi samtalar om opplevingar og erfaringar gjennom kvardagen. Det er viktig at kvart enkelt barn lærer å uttrykke seg på ein måte som andre forstår.

          

Her med oss gir vi eit godt grunnlag for at barna skal danne vennskap, ha gode samspelsferdigheiter og oppleve meistring i eit sosialt fellesskap. Barna lærer grunnleggande reglar for det å vere ilag med andre barn og vaksne. Ein må lære å dele og å gi frå seg. Lære at det ikkje berre er meg, men at vi er mange saman.

                 

Det er viktig for oss med barna sin medbestemmelse. Barna skal få vere med på å bestemme kvardagen sin saman med dei vaksne. Ein skal ha tid til å stoppe opp og undre seg saman med barna. I rammeplanen står det: Barn i barnehage har rett til å gi uttrykk for sitt syn på barnehagens daglege verksemd. Barn skal få moglegheit til aktiv deltaking i planlegging og vurdering av barnehagens verksemd. Barnets synspunkt skal tilleggast vekt i samsvar med dets alder og modning

                       .