Vedtekter

Vedtekter for Blåtinden barnehage SA

 

1. Navn – Eigartilhøve.

Barnehagen sitt navn er Blåtinden barnehage og eig gnr.17, og bnr. 33 i Ulstein kommune.

Barnehagen er organisert som eit andelslag med skiftande medlemstal og kapital.

Barnehagen er registrert i enhetsregisteret.

 

2. Føremål.

Laget sitt formål er å etablere, eige og drive barnehage i Haddal. Verksemda har eit ideelt (Ikkje økonomisk formål) og vert driven i samsvar med Lov om barnehagar, samt dei føresegner og retningslinjer som til ein kvar tid er fastsett av departementet.

Verksemda skal søke å sikre barna gode utviklings- og aktivitetsmuligheiter i nært samarbeid med heimane til barna.

Det er seinare moglig for Ulstein Kommune å ta over drifta av barnehagen dersom andelsegarane er enige i dette.

Barnehagen skal ha som målsetting å bli ein økologisk barnehage med fokus på berekraftig utvikling, og ha ei stadig større satsing på helse, kosthald og fysisk aktivitet.

 

 3. Medlemmar.

Andelslaget er primært ope for foreldre til barn i Haddal og Eiksund skulekrins, men foreldre i heile Ulstein kommune kan og søke om opptak av sine barn. Styret kan vedta at foreldre i andre kommuner kan søke om barnehageplass.

Medlemsskap forutset innbetaling av andel for tiden kr 2500.- for 1. Barn, kr 1500,- for 2.barn, kr. 0,- for 3.barn. Andelen kan ikkje omsettast, men innløysast i andelsbarnehagen.

 

4. Ansvar for gjeld.

Andelsbarnehagen er eit eige rettssubjekt med avgrensa og upersonlig ansvar for gjeld.

Den einskilde medlem svarer berre med verdien av sin betalte andel.

 

5. Årsmøte.

Årsmøtet er lagets øverste organ og fungerer også som foreldreråd. Foreldrerådet (alle foreldre) vel 2 representantar til å sitte i samarbeidsutvalget. Årsmøtet skal holdes innen utgangen av mai månad. Innkalling og orientering med sakliste skal være skriftlig og sendes medlemmene med minst 14 dagers varsel. På årsmøtet skal det føres protokoll. Styret føretek innkalling og fastset sakliste som mellom anna skal innholde:

  1. Val av møteleiar
  2. Styret si årsmelding
  3. Godkjenning av rekneskap og fastsetting av budsjett. Valg av revisor.
  4. Godkjenning av revisor si beretning
  5. Val av styremedlemmar og leiar for styret.
  6. Foreldrebetaling pr. måned.
  7. Utarbeide generelle kriteriar for opptak av barn
  8. Evt. forslag til endring av vedtekter
  9. Evt. forslag om oppløysing
  10. Evt. stillingsinnstrukser for styrar, andre tilsette og styret.
  11. Medlemsmøtet fastset omfanget av evt.arbeidsplikt(dugnad)for foreldra.
  12. Andre saker for årsmøtet. Styrets forslag skal være med på den utsendte orientering og sakliste.  Forslag fra medlemmane må være styret i hende innen 1.mai.

 

Samarbeidsutvalget består av 4 medlemmar, foreldrerådet vel 2 representanta og personalet vel 2 representanta til å sitte i samarbeidsutvalget.

 

 

  1. Ekstraordinært årsmøte.

Ekstraordinært årsmøte skal holdes når styret eller minst 1/4 del av medlemmane krev det. Sakshandsamingsreglane er som for eit ordinært årsmøte med minimum 14 dager varsel. Kun dei sakene som fører til innkalling kan handsamast.

 

 

7.            Fleirtallskrav.

Kvart medlem har ei stemme for kvar innbetalt andel i andelslaget. 

Vedtak kan treffast  ved alminneleg fleirtal (meir enn halvparten stemmer for).

For vedtak om vedtektsendring blir det kravt 2/3 fleirtal og for vedtak om oppløysing 3/4 fleirtal.

 

  1. Samansetting av styret,styremøter m.m.

Styret skal ha 6 medlemmar derav 4 av medlemmane for 2 år om gongen. Minst 3 av medlemmane skal velgast frå foreldregruppa, og minst ein av styremedlemmane skal velgast av og mellom dei tilsette for 2 år om gongen.

Leiaren for styret blir valt av årsmøtet for 1 år om gongen. Årsmøtet kan velje inn ekstern styreleiar for ei 2-års periode. Styrar har møte, tale og forslagsrett i styret.

 

Styremøter skal haldast etter ein fastsett plan og ellers når leiaren for styret finn det naudsynt. Som styret sine vedtak gjeld det som fleirtalet av dei frammøtte har stemt for.

Ved stemmelikheit gjeld det som leiaren har stemt for, er lederen ikkje til stades gjeld det som møteleiaren har stemt for. Det skal skrivest protokoll over styremøta og protokollen skal underskrivast av medlemmane.

 

  1. Styret si myndigheit og pliktar.

Styret forestår den alminnelege forvaltninga av andelslaget som representantar for eigarane, herunder opptak av barn. Laget vert forplikta utad ved underskrift av styret sin leiar og eit av dei mellom medlemmane valgte styremedlemmar.

Styret skal sørge for betryggande rekneskapsføring, og rekneskapet skal leggast fram for årsmøtet saman med styret si melding. Styret skal velge rekneskapsførar.

Styret skal leie og føre tilsyn med at barnehagen vert driven i samsvar med gjeldande lover, føreskrifter og vedtekter samt årsmøtet sine vedtak.

Styrar har ansvar for å sende årsmelding til kommunen inne fastsatt frist,jfr. reglar om statstilskot for barnehagar. Styret tilset styrar for barnehagen.

To varamedlemmar skal velgast til styret.

Dersom eit styremedlem ikkje kan møte må denne gi beskjed til varamedlemmet. Dersom ingen av varamedlemmane kan møte må de gis beskjed til møteinnkallar.

 

  1. Godkjenning m.m.

Etter vedtak fatta av Ulstein kommune 02.06.2016, er Blåtinden barnehage godkjent for eit netto leike – og opphaldsareal på 192,6 m2 og eit uteareal på 1576,5 m2. Følgjande rom er definert som netto leike – og opphalsareal: Kjøkken, garderobar, opphaldsrom og leikerom.

 

  1. Opptak av barn
  2. Blåtinden barnehage er ein heildagsbarnehage med netto opphaldsareal på 192,6 m2
  3. Andelslaget er primært ope for og gir fortrinnsrett for foreldre til barn i Haddal og Eiksund skulekrins

3..           Ansiennitet (tid for innbetaling av andel) gjeld som hovedkriterium for opptak.

4..           Søsken av barn i barnehagen skal ha eit års ekstra ansiennitet.

5..           Funksjonshemma barn i kretsen har fortrinnsrett.

  1. Står fleire søkarar likt etter denne prioriteringa skal det i samarbeid med styrar leggast vekt på gruppesamansettinga med hensyn til alder, kjønn etc. Dette slik at barnehagen sin formålsparagraf vert ivareteken på skikkeleg måte.

7..           Ulstein kommune får anledning til å kjøpe 4 heile plassar.

  1. Den som har fått tildelt fast plass får behalde den til skulestart. Det vert gitt høve til fristilling av plass for inntil eit år.

9.            Minimumskravet for barnehageplass er 60 %

 

 

12.          Foreldrebetaling/dugnad

Styret har høve til å regulere og følgje staten sin maksimalpris for foreldrebetaling.Barnehagen har eit ideelt, ikkje-økonomisk driftsmotiv. Det er eit overordna prinsipp at foreldrebetalinga skal haldast so låg som mogleg utan å gå på bekostning av fagleg og kvalitativt innhald. Betalinga er forskuddsvis og betales for 11 månader i året med forfall av innbetaling den 1.i kvar månad. Det vert gitt 30% moderasjon i foreldrebetalingen for 2. barn og 50% for 3. eller flere barn.

Det vert ikkje fråtrekk i betalinga for fridagar, planleggingsdagar eller om barnet er sjukt eller tatt ut av barnehagen i periodar.

Ved meir enn 30 dagars overskriding av betalingsfristen vil barnet kunne miste barnehageplassen.

For plassar som disponerast av kommunen vert dette å ta opp med den kommunale opptaksinnstansen for evt. tildeling av plassen til eit anna barn.

F.o.m. 01.08.17 er alle føresette forplikta til å teikne avtalegiro med sin bank.  Kundenummer må leggast inn, og det er kvar enkelt sitt ansvar å endre avtalegirobeløp ved endring i foreldrebetaling.

 

Alle som har barn i barnehagen pliktar å delta på inntil 5 timar dugnad per barnehageår per andel. Om en har fleire andelar, følger dugnadsplikta søskenmoderasjonen (30% rabatt på barn nr 2, 50% rabatt på barn nr 3) Styremedlemmar er unntatt dugnadsplikt.  Dersom pliktig dugnad ikkje gjennomførast, skal det svarast ei ekstra foreldrebetaling per dugnadstime.

Pris per dugnadstime bli fastsatt av årsmøtet. Timesatsen satt til 300.

Andelen blir ikkje utbetalt før dugnadstimane er utførte, eller betalte.

 

13. Opningstider / ferie

Alle born skal ha minst 4 veker ferie i året. Barnehagen er stengt 3 veker om sommaren; veke 29, 30 og 31. Barnehagen er stengt romjul og påskeveka, og det blir telt som 1-ei veke til saman. Barnehagen er stengt julafta og 5 planleggingsdagar. Barnehagen blir stengt dersom det er mindre enn 6 barn. Foreldrebetalinga er 11 månader.

Opningstida er 06.45 – 17.00 fem dagar i veka eller etter avtale. Barna bør være henta innan kl.16.45 slik at personalet får tid til å rydde og avslutte dagen.

Borna kan være i barnehagen inntil 10.15 timar pr. dag. Dei fastsette opningstidene må respekterast. Kjernetida i barnehagen startar 9.30. Vi ønskjer tilbakemelding dersom nokon blir levert etter den tid.

 

  1. Helsemessige forhold

Dersom barnet er sjukt td.feber eller har anna fråvær må det gis beskjed til barnehagen.

Sjuke barn må være heime på grunn av smittefare. Dersom barnet ikkje kan være ute må barnet være heime.

Særskilde opplysningar om barnets helse ol. vert å handsame konfidensielt og oppbevarast nedlåst.

Barnehagen er ein røykfri barnehage. Det skal ikkje røykast på barnehagen sitt inne eller uteområde av personale, foresette eller andre besøkande.

 

Før barnet starta i barnehagen må det leggast fram ei erklæring om barnets helse . Om barnet har møtt opp til dei ordinære undersøkingane på helestasjonen, kan slik erklæring givast av baret sine føresette.

 

  1. Ansvar.

Barnehagen sitt styre er pålagd å teikne ulykkesforsikring på barna.

Personalet har ansvar for barna når dei er i barnehagen.

Barnehagen skal yte erstatning for skader på hjelpemidlar som er naudsynte for at barnet skal kunne fungere i barnehagen t.d.briller og høyreapparat. Erstatninga er sett til halvparten av reperasjonskostnad avgrensa til kr 1000.-

 

Bringing og henting av barna er foreldra ansvarleg for. Den som følger barnet til barnehagen må ikkje forlate det før det har vore i kontakt med personalet.

Dersom barnet vert henta av ein annan person en den/dei som vanlegvis hentar barnet skal det være gitt beskjed frå barnets foreldre/ føresette om kven som hentar barnet.

 

Dei tilsette i barnehagen skal ikkje ta med barna som passasjerar i eigen bil eller offentlig transportmiddel uten foreldra sitt skriftlige samtykke. Foreldra må ogsa samtykke skriftleg i td. videoopptak av barna og aktivitetar utanfor barnehageområdettd. bading og strandturar.

  1. Andre forhold.

Styret fastset reglar ein gong pr.år som gjeld ordning for mjølk og annan drikke/mat. Barnehagen skal tilby barna 5 balanserte måltid i veka

Barnehagestyrar og personalet har teieplikt om eit barn sine personlige forhold.

Alle tilsette i barnehagen , også vikar skal legge fram tilfredstillande politiattest. jf Lov om barnehagar §2

Barnehagepersonelle har opplysningsplikt til barneverstenesta jf Lov om barnehagar § 22. skal ta utgansgpunkt i Lov om barneverntenesta § 4-10. 4-11 og 4-24

Foreldre/føresatte må ta seg god tid til å være saman med barna i tilvenningsfasen som kan vare frå 2-3 dagar opptil 14 dagar  Klede skal merkast med navn.Barnehagen er ikkje erstatningspliktig for klær/utstyr som blir øydelagt eller forsvinn i barnehagen.

Barnehagen skal jobbe strategisk for å heve kvaliteten, samt jobbe mot ein aktiv og helsefremmande kvardag for barn og personale

Foreldre med barn som brukar bleier er forplikta til å teikne bleieavtale:

 

Plass

Kostnad pr. månad

 

100 %

Kr. 100,-

 

80 %

Kr. 80,-

 

60 %

Kr. 60,-

 

Oppsigelse av bleieavtalen sendast via mail til styrar. Det er føresette sitt ansvar å seie opp avtalen når barnet sluttar med bleie.

  1. Oppseing av andel.

Oppseiing av andel fører til at barnet misser barnehageplassen.

Andelen kan skriftlig seiast opp for innløysing av pålydande., og løper frå den 1.mnd etter oppsiing. Barnehageopptaket er bindande for 3 månadar. .Det er betalingsplikt for barnehageplassen i oppseingstida. Dersom ein  på førehand veit at ein ikkje vil nytte plassen neste barnehageår, må ein gi melding før søknadsfristen til nytt barnehageopptak. Andelen kan ikkje omsettast, men kan krevast innløyst  

 

Oppseiing/reduksjon av plass: Ein plass skal seiast opp skriftleg med 3 månaders varsel. Oppseiingstida blir regna frå den 1. i påfølgande månad. Barnehagen forbeholder seg retten til å krevje full betaling i oppseiingsperioda. Plassen kan overtakast av eit anna barn i oppseiingstida dersom barnehagen har fylt opp alle sine plassar, og det nye barnet som får tilbod om plass ønsker å starte opp før.

 

 

  1. Eksklusjon

 

Medlem som overtrer vedtektene eller lovleg fatta årsmøte- og styrevedtak, skal første gong få ei skriftleg åtvaring frå styret. Ved gjentekne overtredingar, eller om overtredinga er særleg grov kan styret med alminneleg fleirtal ekskludere medlemmet.

 

  1. Oppløysing / Avvikling

Ved oppløysing skal først laget si gjeld dekkast, deretter andelane og blir det midlar til overs skal desse tilfalle ei anna tilsvarande verksemd i Haddal,Eiksund skulekrins i samsvar med avviklingsstyret sitt valg og vedtak.

Ved eventuell seinare overdraging til Ulstein Kommune skal andelane innløysast, og overdraginga ellers skje som i fastsett avtale med Ulstein Kommune.

 

  1. Voldgift.

Tvist om tolking av vedtektene, avtalar m.m., skal først søkjast løyst minneleg gjennom forhandlingar. Fører slike forhandlingar ikkje fram, kan kvar av partane forlange tvisten avgjord ved voldgift etter tvistemålslova sine reglar.

 

21.          Utleige av barnehagen

Barnehagen har ikkje eit tilbod om utleige

 

Haddal 01.08.95

 

Revidert Haddal 15.04.1996. Svein Furset

 

Revidert Haddal 13.01.2000.  sign: Anne Grete Tødenes

 

Revidert Haddal 10.01.2002. Sign: Anne Grete T. Tødenes

 

Revidert Haddal 02.09.2004 Sign. Ann-Helen Sk. Wiik

 

Revidert Haddal 26.09.2006. Sign. Janne Garnes Nilsen

 

Revidert Haddal 29.09 2008. Sign. Sol Gitte Moldskred Veiset

 

Revidert Haddal 28.09.2009 Sign. Sol Gitte Moldskred Veiset

 

Revidert Haddal 18.10.2010  Sign. Sol Gitte Moldskred Veiset

 

Revidert Haddal 08.05.2012  Sign. .Lena Løseth

 

Revidert Haddal 13.06.2013 Sign. Lena Løseth

 

Revidert Haddal 27.05.2014 Sign. Lene Ingrid Moldskred Nygjerde

 

Revidert Haddal 26.05.15 Sign. Lene Ingrid Moldskred Nygjerde

 

Revidert Haddal 25.06.16 Sign. Richard Schofield

 

Revidert Haddal 16.03.18 Sign. Richard Schofield

 

Revidert Haddal 07.06.18 Sign. Richard Schofield

 

Revidert Haddal 27.05.20 Sign. Werner Røyset
Revidert Haddal 06.05.22 Sign. Knut Øyvind Myklebust

Revidert Haddal 02.05.23 Sign. Knut Øyvind Myklebust