Bærtua

Bærtua er for barn mellom 1 og 3 år.

På Bærtua har vi fokus på å møte små barn med omsorg, tryggheit og rutiner. Dei skal bli trygge på å utvide sin radius vekk frå sine føresatte. Det er viktig med ei god og trygg tilvenning, med fleire besøksdagar før oppstart. Vi legg vekt på at alle barn skal føle seg inkludert, møtt og ivaretatt. Dei møter eit stimulerande miljø som støtta opp lysta til å leike, utforske, lære og meistre. Vi byggar relasjonar på tvers av alder og i Blåtinden barnehage skal alle vaksne og barn kjenne kvarandre. Dette gir ein god og trygg overgong til storbarnsavdeling.