Fuglereiret

Fuglereiret er ei avdeling med barn i alderen 3 til 6 år.

På Fuglereiret ønskjer vi å skape gode relasjonar på tvers av alder og modning. Vi jobbar med å skape inkluderande miljø der alle barna oppleve tilhørigheit og mestring. For å oppnå dette jobbar vi godt med ASK, det fysiske læringsmiljøet og relasjons kompetanse. Vi er ein aktiv barnehage som ser verdien i naturen som den tredje pedagog. Gruppene er på tur annakvar dag og får eit mangfald av naturopplevingar og får moglegheit til å oppleve naturen som arena for leik og læring. 


Vi er delt inn i to grupper :  Spurvane (3-4 åringane) og Ørnene (4-6åringane). 


Barna på Fuglereiret får delta og medverke i sin eigen kvardag. Barna har rett til å kunne erfare å få påverke det som skjer i barnehagen. Barna opplever dette gjennom medbestemelse ut frå alder og modning og demokratiske val som vi legg tilrette for i barnehagen.